Anette Tønsberg () er ein norsk tidlegare skeiseløpar frå Lørenskog som vart norsk meister i firkamp seks gongar. Ho var medlem i Aurskog-Finstadbru Sportsklubb.

Tønsberg var aktiv frå 1987 til 2002. Frå 1944 til -98 vann ho fem rake norsk meisterskap i firkamp, ein sjette NM-tittel tok ho i sin siste sesong, 2002. Gjennom åra sanka ho 16 gullmedaljar i NM i enkeltdistansar; 5 på 1500 m, 6 på 3 000 m og 5 000 m. Internasjonalt var ein åttandeplass under Skeise-VM 1994 høgdepunktet. Ho deltok i vinter-OL i Albertville i 1992 og Nagano i 1998, utan å utmerke seg.

Tønsberg sette til saman 19 norske rekordar på dei tre lengste distanseøvingane, attåt 4 i firkamp.

Kjelder Store norske leksikon

Kategori:Norske skeiseløparar Kategori:Noregsmeistrar i lengdeløp på skeiser – Allround Kategori:Noregsmeistrar i lengdeløp på skeiser – Enkeltdistanse Kategori:Kongepokalvinnarar i lengdeløp på skeiser Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1992 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1992 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1998 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1998 Kategori:Folk frå Lørenskog