«D.W. Washburn» er ein song skriven av Jerry Leiber og Mike Stoller. Dei to mest kjende innspelingane av songane er gjort av The Coasters og The Monkees. Songen var med i musikalen Smokey Joe's Cafe.

Innspelingar The Monkees sin versjon av «D.W. Washburn» var den første singelen dei gav ut etter den andre og siste sesongen av TV-serien deira på NBC. Alle dei førre singalne deira hadde nådd topp 3 på Billboard Top 100 på grunn av den sterke marknadsføringa gjennom fjernsynsserien deira. Utan denne marknadsføringa vart songen den første som ikkje nådde Topp 10 på den amerikanske Billboard-lista og nådde ein 19. plass.The Monkees' charting singles Henta 17. februar 2018.

The Coasters gav ut sin versjon av songen i juli 1968. Dei hadde spelt inn songen den 31. oktober 1967 for Date Records. B-sida til singelen var «Everybody's Woman.»

The Monkees fortsette å spele songen inn i den seinare delen av karrieren sin.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «D. W. Washburn» frå , den 17. februar 2018. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Songar skrivne av Jerry Leiber og Mike Stoller Kategori:Songar frå 1967 Kategori:Singlar frå 1968 Kategori:The Monkees-songar Kategori:The Coasters-songar Kategori:RCA Records-singlar