«I'm Gonna Love You Too» er ein song skriven av Joe B. Mauldin, Niki Sullivan og Norman Petty, og opphavleg spelt inn av Buddy Holly i 1957. Han vart spelt inn 20 år seinare av det amerikanske new wave-bandet Blondie og gjeven ut som den første singelen deira i USA frå albumet Parallel Lines i 1978.

Songhistorie

Kven som skreiv songen er noko omstridd. Jerry Allison har sagt at det i røynda var Buddy Holly som skreiv songen. William Ruhlmann skreiv:

Songen er goskriven Joe B. Mauldin, bassisten til Holly; Norman Petty, produsenten hans; og Nikki Sullivan, som stundom spelte rytmegitarist (og som ikkje er med på innspelinga). Det har lenge vore spørsmål om kven som skreiv dei originale songane Holly spelte inn, og Jerry Allison, trommeslagaren hans, har fortalt at «I'm Gonna Love You Too» i røynda hovudsakleg vart skriven av Holly, medan Allison skreiv mellomspelet. Songen har dei same karakteristikkane som «That'll Be the Day», som òg er skriven av Holly. Det er ein annan livleg song med ein fengande melodi og skrytande tekst som berre er tynt dekkjer til hjartesorg. Av dei tre som er blitt godskrivne som låtskrivarar spelte Mauldin og Sullivan i bandet til Holly, The Crickets, medan Petty var den første manageren og produsenten til Holly.

Holly tok med songen på det andre albumet hans, Buddy Holly. Han vart gjeven ut på singel på Coral Records, men gjekk ikkje inn på Billboard Hot 100.

Blondie-versjonen Den største hitten frå det førre albumet til Blondie, Plastic Letters, var «Denis», ein cover av Randy & the Rainbows sin «Denise» frå 1963, så Chrysalis Records valde «I'm Gonna Love You Too» som den første singelen frå Parallel Lines i USA. Dette viste seg å vere eit dårleg val, sidan singelen ikkje gjekk inn på salslista i USA, i motsetnad til dei neste singlane frå albumet, nemleg «Hanging on the Telephone», «Heart of Glass» og «One Way or Another». I Nederland nådde singelen derimot sjetteplassen. Songen vart sidan gjeven ut på singel i nokre andre land seint i 1979 som den femte eller sjette singelen frå Parallel Lines, etter andre songar var ferdig på salslistene.

Utgjeving US 7" (CHS 2251) «I'm Gonna Love You Too» (Joe B. Mauldin, Norman Petty, Niki Sullivan) – 2:03 «Just Go Away» (Debbie Harry) – 3:21

Nederland 7" (15729) «I'm Gonna Love You Too» (Joe B. Mauldin, Norman Petty, Niki Sullivan) – 2:03 «Fan Mail» (Jimmy Destri) – 2:35

Salslister Liste (1978)PlasseringBelgia3Nederland6Finland20

Andre versjon Adam Faith inkluderte songen på eit album med sitt eige namn i 1961.

Songen vart spelt av The Hullaballoos i 1964 i ein versjon som nådde 56. plassen på salslista i USA.

Jimmy Gilmer frå The Fireballs spelte songen i 1965 på albumet Buddy's Buddy: Buddy Holly Songs by Jimmy Gilmer.

Eit konsertopptak av 13th Floor Elevators vart gjeve ut som bonusspor i 2005 på The Psychedelic Sounds of the 13th Floor Elevators frå 1966.

Terry Jacks spelte òg songen i 1974 på albumet Seasons in the Sun, og gav han ut på singel. Singelen gjekk ikkje inn på lista i USA, men nådde sjuandeplassen i Canada.

I 2007 vart ein heimevideo av Paul McCartney som syng ein akustisk versjon av songen sett inn på kronologimenyen til den første plata av DVD-en The McCartney Years.

Denny Laine, gitarist i Wings og The Moody Blues, spelte songen på hyllestalbumet sitt Holly Days (1977), produsert av Paul McCartney.

I 2012 spelte Jenny O. songen på hyllestalbumet Rave on Buddy Holly.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «I'm Gonna Love You Too» frå , den 11. februar 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Songar frå 1957 Kategori:Singlar frå 1957 Kategori:Singlar frå 1978 Kategori:Buddy Holly-songar Kategori:Blondie-songar Kategori:Songar skrivne av Norman Petty Kategori:Songar produserte av Mike Chapman Kategori:Chrysalis Records-singlar Kategori:The 13th Floor Elevators-songar Kategori:Terry Jacks-songar Kategori:Paul McCartney-songar Kategori:Phil Ochs-songar Kategori:Hollies-songar Kategori:Bobby Vee-songar