Pyeongchang er eit fylke i provinsen Gangwon i Sør-Korea.
Fylket ligg i Taebaekfjella med høgder på frå 800 til 1000 meter over havet, noko som gjer staden til ein god vintersportsstad. Det finst fleire buddhisttempel i området, blant anna Woljeongsa. Pyeongchang ligg 180 km austom Seoul.
Fylket vart arrangør av Vinter-OL 2018, etter å ha søkt om dette to gonger tidlegare og tapt. Pyeongchang er den tredje asiatiske arrangørstaden for Vinter-OL etter dei to japanske byane Sapporo og Nagano.
mini|Alpin-bakken 22. juni 2006 var byen ein av tre finalister til å få arrangere Vinter-OL 2014, men tapte kampen saman med Austerrike med Salzburg mot russiske Sotsji. Pyeongchang har tidlegare tapt kampen om å få arrangere Vinter-OL 2010. Staden arrangerte VM i skiskyting 2009. Fylket bestemte seg tidleg for å delta i konkurransen om Vinter-OL 2018, OL-søknaden er bygd rundt vintersportsstaden Alpensia Resort. etter å ha tapt avstemminga om å få verta arrangørstad i 2014. IOK valde byen som ein av tre kandidatar til å få arrangere vinter-OL i 2018, der dei to andre var München og Annecy. Avgjerda om kven som fekk arrangementet, vart teken i Durban 6. juli 2011.
Merknadar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Pyeongchang» frå , den 11. februar 2018.
Bakgrunnsstoff
Generelle Pyeongchang-gun: Offisielt nettsted Galbijim wiki om Pyeongchang Gangwon-provinsens nettsted Olympiske PyeongChang 2018 GamesBids.com om Pyeongchang
Kategori:Sørkoreansk geografi Kategori:Vintersportsstadar Kategori:Vertsbyar for vinter-OL