Hanne Hogness () er ein norsk tidlegare handballspelar frå Trondheim. Kantspelaren vann OL-sølv både i 1988 og 1992, og VM-bronse i 1986.
Hogness spelte handball både på Sverresborg Idrettsforening, Ås Idrettslag og Toten Håndballklubb. Ho fekk sin landslagsdebut i august 1986, men spelte einast opningskampen i VM 1986, meisterskapen då Noreg tok steget opp i verdseliten i handball med ein bronsemedalje. Frå 1988 var ho jamnt over den føretrekte spelaren på høgrekanten i det norske landslaget. Hausten 1988 bidrog ho mykje til norsk OL-sølv under sommarleikane i Seoul, ein prestasjon ho og landslaget gjentok då sommar-OL 1992 fann stad i Barcelona. Hogness deltok i 186 landskampar og skåra 378 mål for Noreg, dei siste i 1994.
Merittar VM 1986: Bronsemedalje etter 23–19 mot Aust-Tyskland OL 1988: Sølvmedalje etter 20–23 mot Sør-Korea VM 1990: Nr 6 med Noreg OL 1992: Sølvmedalje etter 21–28 mot Sør-Korea
Kjelder handball.no
Kategori:Norske handballspelarar Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Noreg Kategori:Spelarar i Handball-VM 1986 for kvinner Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1988 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 1988 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 1988 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1992 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 1992 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 1992 Kategori:Folk frå Trondheim