Kristin Midthun Ihle () er ein norsk tidlegare handballspelar frå Oslo. Kantspelaren vann OL-sølv i 1988 og VM-bronse i 1986.

Midthun spelte i mange år på Oslo-laget IL Vestar og vart i 1989 seriemeister med laget. På Noregs handballandslag var ho i fleire sesongar det soleklare fyrstevalet på venstrekanten i angrepet. Frå debuten i 1982 deltok ho i 142 landskampar og skåra 302 mål. Ho var sterkt delaktig både då Noreg vann bronse i Handball-VM 1986 og sølv under Sommar-OL 1988 i Seoul. I november 1988, to månader etter sommarleikane, opptredde ho i landsdrakta for siste gong.

Merittar VM 1986: Bronsemedalje etter 23–19 mot Aust-Tyskland OL 1988: Sølvmedalje etter 20–23 mot Sør-Korea Seriemeister: 1989 med Vestar

Kjelder handball.no

Kategori:Norske handballspelarar Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Noreg Kategori:Spelarar i Handball-VM 1986 for kvinner Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1988 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 1988 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 1988 Kategori:Folk frå Oslo