Samuel Mathiassen Føyn () var ein norsk kjøpmann og gardbrukar, fødd og død på Teie i Nøtterøy i Vestfold.
Føyn var son til ein kjøpmann i Tønsberg. Han var sjølv kjøpmann i Tønsberg, samstundes som han dreiv gard i Nøtterøy. Han var stortingsrepresentant frå Tønsberg i 1830, 1842 og i 1848-sesjonen frå 22. mai, då som varamann for Johan Dietrichs. I 1830 var han medlem i Tollkomiteen, komiteen om kjøpstadskatten og sekretær i komiteen om oppgjeret med Danmark. I 1842 var han medlem av Lagtinget og i 1848 gjekk han inn i Protokollkomiteen.
Både i 1839 og 1841 var Føyn viseordførar i Tønsberg. Han var også sjef for borgarvæpninga i byen.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1830-1832 Kategori:Stortingsrepresentantar 1842-1844 Kategori:Stortingsrepresentantar 1848-1850 Kategori:Folk frå Tønsberg