Harum Scarum er eet 24. albumet til Elvis Presley. Det vart gjeve ut av RCA Victor i mono og stereo, LPM/LSP 3468, i november 1965. Albumet inneheld filmmusikken til filmen med same namn frå 1965. Innspelinga fann stad i RCA Studio B i Nashville i Tennessee den 24. til 26. februar 1965. Albumet nådde åttandeplassen på Top LP's-lista.

Innhald Albumet markerte ei tilbalkevending til å lage filmmusikk for Presley, sjølv om han hadde gjeve ut studioalbumet Elvis for Everyone i 1965. Albumet med songar spelt inn dei siste ti åra, heilt attende til tida i Sun Studios i Memphis, hadde fått ein overraskande hitt verda over med ein fem år gammal gospelsong, «Crying in the Chapel». Presley uttrykte misnøye med kvaliteten på songane og det store presset på dei faste låtskrivarane hans samla saman av Freddy Bienstock — låtskrivarane Giant, Baum og Kaye som aleine hadde skrive 17 av 47 songar på dei fire siste filmmusikkalbuma i løpet av 18 månader.Jorgensen, Ernst. Elvis Presley A Life in Music: The Complete Recording Sessions. New York: St. Martin's Press, 1998; s. 201. I røynda kunne ein ha pressa nesten kva song som helst inn i historia, inkludert gamle klassikarar. Men så lenge salet heldt fram, gjorde teamet rundt Presley kontroll over opphavsrettane til nye songar skrivne av låtskrivarane til eit rav.Jorgensen, Ernst. Elvis Presley A Life in Music: The Complete Recording Sessions. New York: St. Martin's Press, 1998; s. 198. På denne tida byrja derimot plate- og kinosalet til Presley å falle.

Det vart spelt inn elleve songar for Harum Scarum, og alle vart brukte på albumet, medan to songar ikkje vart nytta i filmen. Som med Roustabout vart det ikkje gjevne ut singlar frå albummet. Det kom ut ein singel ein månad seinare, ein song som var att frå 1957, «Tell Me Why» i lag med «Blue River» frå eit avlyst album frå mai 1963. Det var eit illevarslande teikn på det som skulle kome, då singelen berre nådde 33. plassen på Billboard Hot 100, den lågaste plasseringa Presley hadde hatt på lista til då i karrieren.Jorgensen, Ernst. Elvis Presley A Life in Music: The Complete Recording Sessions. New York: St. Martin's Press, 1998; s. 417.

Presley spelte inn «Wisdom of the Ages» den 24. februar 1965 i RCA studios. Det vart gjeve ut som eit bonusspor på filmmusikkalbumet, i lag med «Animal Instinct», som heller ikkje var med i filmen. The Jordanaires sang korvokal. Filmen og filmmusikken vert rekna som noko av det dårlegaste Presley gjorde.

I 2003 vart Harum Scarum gjeve ut på ny på Follow That Dream i ei spesialutgåve med originalalbumet og mange alternative opptak..Kjelder:

Medverkande

Elvis Presley - vokal The Jordanaires - korvokal Rufus Long - flute Ralph Strobel - obo Scotty Moore, Grady Martin, Charlie McCoy - elektrisk gitar

Floyd Cramer - piano Henry Strzelecki - elektrisk bass D.J. Fontana, Kenny Buttrey - trommer Hoyt Hawkins - tamburin Gene Nelson - conga

Innhald

Original release

Follow That Dream-utgåva frå 2003

Lister Album ÅrListerPlassering1965Billboard Pop Albums8

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Harum Scarum (album)» frå , den 1. desember 2016.

Bakgrunnsstoff Inforasjon om innspelinga LPM-3468 Harum Scarum på The Elvis Presley Record Research Database

Kategori:Filmmusikkalbum frå 1965 Kategori:Elvis Presley-album Kategori:RCA Victor-album Kategori:Engelskspråklege album Kategori:Album produserte av Fred Karger Kategori:Album produserte av Gene Nelson