Akira Kuroiwa () er ein japansk skeiseløpar frå Gunma som vart verdsmeister i sprint i 1983 og 1987.

Kuroiwa vart høvesvis nummer seks og åtte i sprint-VM 1981 og 1982. Under sprint-VM 1983 i Helsinki gjekk han heilt til topps, klart framom Pavel Pegov frå Sovjetunionen. I OL-sesongen 1984 enda han på åttande-, niande- og tiandeplass i høvesvis sprint-VM og på 1000 m og 500 m då han deltok i dei olympiske vinterleikane 1984 i Sarajevo.

Ved sprint-VM 1986 i heimlege Karuizawa vart Kuroiwa tredjemann, men likevel langt bak verdsmeister Igor Zjelesovskij og Dan Jansen. Året etter vann derimot Kuroiwa laurbærkransen då sprintmeisterskapen fann stad i Sainte-Foy i USA, etter ein jamn kamp mot Nick Thometz frå vertslandet.

Vinteren 1988 sikra Kuroiwa seg den olympiske bronsemedaljen på 500 m under Vinter-OL 1988 i Calgary. Han måtte sjå seg slått av Uwe-Jens Mey frå Aust-Tyskland som vann med ny verdsrekord 36,45 sekundar og Jan Ykema fra Nederland, sistnemnde var eitt hundredels sekund framom Kuroiwa.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Akira Kuroiwa» frå , den 1. desember 2016.

Kategori:Japanske skeiseløparar Kategori:Trenarar Kategori:Verdsmeistrar i lengdeløp på skeiser – Sprint Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar i lengdeløp på skeiser Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Japan Kategori:Japanske deltakarar under vinter-OL 1984 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1984 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1988 Kategori:Japanske deltakarar under vinter-OL 1988 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1988