thumb|Snitt gjennom ein Peltonturbin med Peltonhjul thumb|Peltonhjul utstilt i ein vasskraftstasjon i Walchensee i Tyskland Peltonturbin er ein type turbin i vasskraftverk. Ein peltonturbin er mest effektiv ved store fallhøgder (over 600 m) og relativt små vassmengder. Ein føremon med pelton­turbinar er det breie driftsområdet, som gjer dei spesielt eigna for kraftverk med stor variasjon i vassføringa. Turbintypen er nytta i mange norske vasskraftverk der nettopp det er tilfelle. Turbintypen er oppkalla etter Lester Allan Pelton, ein oppfinnar i USA.

Kategori:Turbintypar