Rubina Rana () var ein norsk politikar for Arbeiderpartiet. Rana vart fødd i Pakistan og flytt til Noreg i 1978. Ho var medlem av Oslo bystyre i perioden 1995-2003. I 1999 vart ho kjent då ho leia 17. mai-komiteén i Oslo og gjekk fyrst i barnetoget. Ho var den fyrste med ikkje-vestleg bakgrunn som hadde dette vervet. Det vart retta drapstruslar mot henne og ho gjekk saman med to livvaktar fremst i 17. mai-toget.
Ho døydde i Oslo av kreft etter lengre tids sjukdom.
Det er vedteke (mars 2006) at ei ny gate på Grønland i Oslo blir kalla opp etter henne. Det blir den fyrste gata i Oslo kalla opp etter ein ikkje-vestleg innvandrar.
Utdanning 1978 Bachelor of Arts, Punjab University. 1982 Norsk, Universitetet i Oslo.
Kjelder «Rubina Rana» på Bokmålswikipediaen Artiklar i Dagbladet og Aftenposten Aftenposten 3. mars 2006
Kategori:Ap-politikarar i Oslo Kategori:Nordmenn av pakistansk opphav Kategori:Politikarar frå Oslo