«Liar» er ein song av det britiske rockebandet Queen, skriven av songaren Freddie Mercury i 1970, og opphavleg kalla «Lover». Songen vart gjeven ut på debutalbumet til bandet i 1973, Queen. Ein forkorta versjon av «Liar» vart gjeven ut som singel med «Doing All Right» som B-side i USA av Elektra Records i februar 1974.
Dei første åra var «Liar» fast på konsertane til Queen, og ofte spelt som siste song under hovudbolken, ofte med ei lengd på over 10 minuttar. Etter kvart fall songen ut av setlista, utanom på The Works-turneen (men då var songen korta ned til under tre minuttar). Under Magic-turneen spelte Brian May delar av gitarriffet i «Liar» like før «Tear it Up».
Under konsertane stod ofte John Deacon bak Mercury og mima korvokal under «all day long»-delen av songen. Denne kan ein òg sjå i promo-videoen som vart filma i 1973. Songen inneheld òg ein bassolo spelt av Deacon, den mest tydelege soloen han nokon gong spelte på konsertar. Ein transkripsjon av EMI Music Publishing av songen syner at dette er ein av tre Queen-songar (i lag med «Now I'm Here» og «Under Pressure»), der det vert nytta hammondorgel.
Medverkande Freddie Mercury - solo- og korvokal, hammondorgel Brian May - akustisk og elektrisk gitar, korvokal Roger Taylor - trommer, tamburin, kubjølle, korvokal John Deacon - bassgitar
Innhald 7"-singel (Royal Sound TKR 157) «Liar» (single edit) (Freddie Mercury) – 3:01 «Doing All Right» (Brian May, Tim Staffell) – 4:09
7" single (Elektra E-45884) «Liar» (Freddie Mercury) «Liar»
Andre versjonar Det komiske heavy metal-bandet Bad News nytta opningsriffet og andre songar i sin eigen «Hey, Hey, Bad News». Brian May produserte albumet deira, kalla Bad News, og spelte på versjonen deira av «Bohemian Rhapsody» frå same album.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Liar (Queen song)» frå , den 20. mai 2016. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Tekst på den offisielle nettsida til Queen «Liar» på Queenpedia [ «Liar»] på Allmusic
Kategori:Queen-songar Kategori:Singlar frå 1974 Kategori:Songar skrivne av Freddie Mercury Kategori:Musikkvideoar regisserte av Bruce Gowers Kategori:Songar produserte av John Anthony Kategori:EMI Records-singlar Kategori:Elektra Records-singlar Kategori:Hollywood Records-singlar Kategori:Heavy metal-songar Kategori:Songar frå 1973