«Seven Seas of Rhye» er ein song av det britiske rockebandet Queen. Han vart hovudsakleg skriven av Freddie Mercury med bidrag frå Brian May i det andre mellomspelet. Songen er offisielt berre tilskriven Mercury. Ein tidleg instrumentalversjon vart gjeven ut som det siste sporet på debutalbumet Queen (1973), og den endelege versjonen kom på det neste albumet, Queen II (1974).Seven Seas of Rhye Allmusic. Henta 5. juli 2011 Den ferdige versjonen vart gjeven ut som den tredje singelen til bandet, den tidlegaste utgjevne songen som kom med på Greatest Hits-albumet, utanom somme versjonar som òg har med den første singelen deira, «Keep Yourself Alive».

I starten var Seven Seas of Rhye berre ei «instrumental skisse som avslutta det første albumet». Ei utvida utgåve, planlagt for albumet Queen II, vart spelt då Queen brått fekk tilbodet om å spele på Top of the Pops i februar 1974, og vart gjeven ut på singel berre to dagar seinare den 23. februar. Han vart den første singelen som gjekk inn på singellista i Storbritannia etter at han vart spelt på BBC Radio 1, og nådde 10. plassen på UK Singles Chart,Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums. London: Guinness World Records Limited som igjen overtydde Freddie Mercury om å gjere Queen til fulltidskarrieren sin.

Songen vart droppa frå konsertane deira i 1976 og vart ikkje spelt igjen før under «Works»-turneen åtte år seinare.

Stil, oppbygging og tolking Songen inneheld ein markant arpeggiert pianointro. Denne pianointroen er sampla i «It's a Beautiful Day (reprise)» på albumet Made In Heaven.

Versjonen på Queen II endar med ein overtoning, der instrumenta blandar seg inn i bandet som syng «I Do Like to Be Beside the Seaside», akkompagnert av ein stylophone, spelt av Roy Thomas Baker, som var det einaste unntaket til «no synths»-uttalinga deira. Songen er siste song på Queen II og ein kan så vidt høyre songen bli plystra under dei første få sekunda av «Brighton Rock», som opnar det neste albumet deira, Sheer Heart Attack.

I eit radiointervju i 1977 skildra Freddie Mercury temaet i songen som «noko han hadde dikta opp». I Queen-musikalen We Will Rock You er Seven Seas of Rhye ein stad der bohemane vert teken etter dei vert angripen av Khashoggi.We Will Rock You - Plot & Photo Gallery Ultimate Queen. Henta 5. juli 2011

Medverkande Freddie Mercury - solo- og korvokal, piano Brian May - elektrisk gitar, korvokal Roger Taylor - trommer, tamburin, korvokal John Deacon - bassgitar

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Seven Seas of Rhye» frå , den 20. mai 2016. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Tekst frå debutalbumet Queen på Queen si nettside Queenpedia - om songen [ «Seven Seas of Rhye»] på Allmusic

Kategori:Songar frå 1973 Kategori:Singlar frå 1974 Kategori:Queen-songar Kategori:Songar skrivne av Freddie Mercury Kategori:Songar produserte av Roy Thomas Baker Kategori:EMI Records-singlar Kategori:Elektra Records-singlar Kategori:Hollywood Records-singlar Kategori:Glamrock-songar Kategori:Kunstrock-songar