Anne Grethe Erlandsen () er ein norsk oversjukepleiar, helseadministrator, direktør og politikar for Høgre. Frå 2013 til 2021 var ho til statssekretær for helse- og omsorgsminister Bent Høie. Våren 2022 vart ho tilsett som prosjektleiar i Norsk Sykepleierforbund.
Utdanning Anne Grethe Erlandsen tok sjukepleiarutdanning ved Østfold sykepleierskole som ho vart uteksaminert frå i 1979. Ho tok seinare vidareutdanning innan helseadministrasjon ved Høgskolen i Østfold 1984 og prosjektleiarutdannelse same stad 2005.
Karriere Anne Grethe Erlandsen arbeida først som sjukepleiar ved Sentralsykehuset for Østfold og Innherred sykehus i perioden 1979 til 1980. Frå 1980 til 1982 underviste ho i sjukepleie ved Østfold sykepleierskole. Deretter var ho sjukepleiar og avdelingssjukepleiar ved Sarpsborg sykehus fremj til 1984. Frå 1984 til 1989 var ho Østfolds fylkesleiar av Norsk Sykepleierforbund. Deretter var ho oversjukepleiar og klinikkoversjukepleiar ved Sarpsborg sykehus/Østfold sentralsykehus frem til 1997.
I 1997 vart Erlandsen Helse og sosialsjef i Trøgstad kommune, ei stilling ho hadde fram til 1999, då ho tok over som Personal– og organisasjonssjef i Sarpsborg kommune. Frå 2000 var ho Kommunesjef helse og sosial i same kommune, ei stilling ho hadde fremj til 2004. I 2004 vart ho prosjektleiar for samhandling mellom Sykehuset Østfold og kommunane i Østfold.
I 2006 vart Anne Grethe Erlandsenvore direktør for kommunikasjon og samhandling ved Sykehuset Østfold, ei stilling ho vart løyvd permisjon frå då ho vart utnemnd til statssekretær.
Våren 2022 vart ho tilsett som prosjektleiar i Norsk Sykepleierforbund.
Politiske verv Anne Grethe Erlandsen var medlem av Sarpsborg bystyre og formannskap i perioden 1992–1999.
Frå 16. oktober 2013 til 14. oktober 2021 var ho til statssekretær for helse- og omsorgsminister Bent Høie.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Anne Grethe Erlandsen» frå , den 13. mars 2016.
Kategori:Norske sjukepleiarar Kategori:Statssekretærar i Regjeringa Solberg Kategori:Statssekretærar frå Høgre Kategori:Lokalpolitikarar i Sarpsborg Kategori:Høgrepolitikarar i Østfold