mini|Maligne svulstar (kreft) frå ulike stader i kroppen.Illustrasjon av Robert Carswell, c. 1830 Malignitet (av latin malignus, samantrekking av male 'vondkyndt' og genus 'opphav'; «vondarta») er tendensen ein tilstand har til å vere vedhaldande harmfull, eller vondarta, over tid. Ordet blir oftast brukt for å karakterisera maligne svulstar (kreft). Desse skil seg frå benigne svulstar ved at dei ikkje er sjølvavgrensande og dimed kan trengje inn i nærliggande vev, eller spreie seg til fjernt vev.Wilkins, E. M. 2009. Clinical practice of the dental hygienist. Tenth edition. Lippincott Williams & Wilkins (imprint av Wolters Kluwer). Philadelphia, PA. Ein benign svulst har ingen av desse eigenskapane.
Ein malign svulst er karakterisert av dårleg celledifferensiering, der cellene mistar si opphavlege form. Den er også karakterisert av genomisk instabilitet, der heilgenomsekvensering av svulsten vil syne mellom 10 000 og 100 000 mutasjonar. Redusert genuttrykk i DNA-reparasjonsenzym er også vanleg. Dette skuldast anten epigenetisk metylering av DNA-reperasjonsgen, eller endringar i mikro-RNA som styrer genuttrykket. Kreft syner vanlegvis også tumorheterogenitet.
Malignitet i onkologi (kreftforsking) malignitet, malign svulst og malign neoplasme er det same som kreft malign ascites malign transformasjon
Malignitet utføre onkologi malign hypertensjon malign hypertermi malign otitis externa malign malaria er den farlegaste forma for malaria og skuldast infeksjon med parasitten plasmodium falciparum malignt nevroleptikasyndrom
Sjå òg precancerøse lidingar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Malignancy» frå , den 13. mars 2016.
Kategori:Medisinsk diagnose Kategori:Medisinsk terminologi Kategori:Onkologi Kategori:Latinske ord og uttrykk