Santamartakjerrsporv (Atlapetes melanocephalus) er ein fugl i amerikasporvfamilien, Passerellidae, og er endemisk for Colombia med utbreiing avgrensa til eit lite område lengst nord i landet, Sierra Nevada de Santa Marta.
Skildring Dette er ein stor kjerrsporv, ca. 17 centimeter og 25 gram, med karakterisk fjørdrakt, kraftig gulfarga underside, olivenfarga overside, svart hovud med lysegrå flekker på kinnet. Den lange halen er mørk med olivenfarga kanter. Santamartakjerrsporven syng oftast i duett.
Han lever mellom 1000 og 3000 moh. i utkanten av krattskog og våt tropisk skog, også i gjenreist skog. Han beitar oftast nær bakkenivå, og ofte i fleirartsflokkar. Han rører seg lite innanfor utbreiingsområdet sitt.Jaramillo, A. (2011)
Jamvel om santamartakjerrsporven har eit lite utbreiingsområde, er populasjonen stabil og livskraftig.BirdLife International (2015)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Santa Marta Brush-Finch» frå , den 8. juli 2015.
Jaramillo, A. (2011). Santa Marta Brush-Finch (Atlapetes melanocephalus) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2014). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 8. juli 2015 BirdLife International (2015) Species factsheet: Atlapetes melanocephalus. Henta frå http://www.birdlife.org den 8. juli 2015 Referansar
Bakgrunnsstoff Flickr.com Bilete på flickr.com, fotograf: Delia O Unson
Kategori:Amerikasporvfamilien Kategori:Fuglar endemiske for Sierra Nevada de Santa Marta