Santamartamaurpitta (Grallaria bangsi) er ein fugl i maurpittafamilien, han er endemisk for Colombia med utbreiing avgrensa til eit lite område lengst nord i landet, Sierra Nevada de Santa Marta.
Skildring Santamartamaurpitta har ei kamuflerande fjørdrakt med olivengrøn overside og kvit underside med mørke streker. Strupen er brunoransje med uklåre streker i. Dei lange beina har blå farge, det kraftige nebbet er mørkt. Kroppsforma er typisk for Kjønna er like. Kroppslengda er på ca. 18 centimeter og gjennomsnittleg kroppsvekt om lag 62 gram.Krabbe et al
Denne arten lever på bakken eller lågt i tett, fuktig skog i høgder mellom 1200 og 2400 moh. Han er ikkje så skjerr som typisk for maurpittaer, men blir likevel sjeldan sett. Han er vokal og eit 'vouv-voit' kan høyrast når han er nær.Ridgely og Tudor
Storleiken på populasjonen er estimert til under 10 000 individ og er minkande. Trugsmåla er øydelegging av opphavleg vegetasjon.BirdLife International (2015)
Kjelder Krabbe, N.K. & Schulenberg, T.S. (2003). Santa Marta Antpitta (Grallaria bangsi) In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2014). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 8. juli 2015 Robert S. Ridgely and Guy Tudor, 'The Birds of South America, University of Texas Press, 1994 BirdLife International (2015) Species factsheet: Grallaria bangsi. Henta frå http://www.birdlife.org den 8. juli 2015 Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Maurpittafamilien Kategori:Fuglar endemiske for Sierra Nevada de Santa Marta