Degania Bet (hebraisk דְּגַנְיָה ב') er ein kvutza eller kibbutz nord i Israel. Han ligg sør for Genesaretsjøen like nær Degania Alef og høyrer til Emek HaYarden regionale kommune. I 2008 hadde han eit folketal på 514.
Landsbyen vart grunnlagd i 1920 av emigrantar under den andre Aliyah, leia av Levi Brevda (Levi Ben Amitai). Han var den første planlagde kibbutzen og vart utforma og bygd av arkitekten Korenberg. Ein av grunnleggjarane var Levi Eshkol. Under Palestinaopprøra i 1920 vart han angripen og stod folketom i fleire månader.
Under arabararopprøret 1936-39 tente han som base for å opprette tårn og palisade-busetjingar. Under slaget i Kinarotdalen under den arabisk-israelske krigen i 1948 klarte innbyggjarane i Degania Alef og Bet å stoppe framrykkinga til den syriske hæren i Jordandalen.
Ein kjend innbyggjar er Michael Kolganov, som tok bronse i roing sommar-OL 2000.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Degania Bet» frå , den 22. februar 2015.
Bakgrunnsstoff Kvutza nettside
Kategori:Kibbutzar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1920 Kategori:Busetnader i Det nordlege distriktet i Israel Kategori:1920 i Palestina