Almagor (hebraisk אַלְמָגוֹר) er ein moshav nord i Israel. Han ligg nord for Genesaretsjøen og høyrer til Emek HaYarden regionale kommune. I 2011 hadde han eit folketal på 326.

Landsbyen vart grunnlagd i 1961 som ein Nahal-busetjing, før han vart gjort sivil i 1965. Namnet kjem frå eit par ord som tyder «utan frykt» (Al tyder «utan»; magor tyder «frykt»). Før moshaven vart grunnlagd var staden åstad for slaget ved Tel Motila mellom Israel og Syria den 2. mai 1951. I dag står det eit stort minnesmerke på staden.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Almagor» frå , den 22. februar 2015.

Kategori:Moshavar Kategori:Nahal-busetnader Kategori:Busetnader grunnlagde i 1961 Kategori:Busetnader i Det nordlege distriktet i Israel Kategori:1961 i Israel