Ashdot Ya'akov Meuhad (hebraisk אַשְׁדוֹת יַעֲקֹב מְאֻחָד) er ein kibbutz nord i Israel. Han ligg sør for Genesaretsjøen nær grensa til Jordan og dekkjer 4 300 dekar i Emek HaYarden regionale kommune. I 2011 hadde han eit folketal på 404.
Ashdot Ya'akov Meuhad vart grunnlagd i 1953 av medlemmar av Hakibbutz HaMeuhad som braut ut av Ashdot Ya'akov av politiske årsaker. Medlemmar av Ihud HaKvutzot VeHakibbutzim grunnla Ashdot Ya'akov Ihud.
Ein av pionerane i kibbutzen, Joseph Zauderer, som immigrerte der i 1939, skreiv ein rapport om situasjonen i Tyskland fram til 1939.
Uri og Rami Nechushtan Museum, som opna i 1958, er kalla opp etter to brør frå kibbutzen som døydde. Uri Nechushtan vart drepen i sjølvstendekrigen, og seks år seinare, i 1954, døydde broren Rami, etter å ha blitt biten av ein slange. Faren deira, Meir, skipa museumet til minne om kunstverka til sønene.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ashdot Ya'akov Meuhad» frå , den 22. februar 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Kibbutzar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1953 Kategori:Busetnader i Det nordlege distriktet i Israel Kategori:1953 i Israel