Australia debuterte i Eurovision Song Contest 2015 i Wien i Austerrike med ein song av Guy Sebastian. Bidraget vart valt internt av Special Broadcasting Service.

10. februar 2015 annonserte Den europeiske kringkastingsunionen at Australia ville debutere i tevlinga. Deltakinga var då rekna som eit eingongstilfelle i høve 60-årsjubiléet til Eurovision Song Contest. Landet var direktekvalifisert til finalen, og skulle røyste å både semifinalane og finalen. Special Broadcasting Service måtte i tillegg sende alle tre sendingane direkte. Om Australia vann Eurovision Song Contest 2015 ville landet fått høve til å arrangere tevlinga i ein by i Det europeiske kringkastingsområde saman med ein kringkastar som er aktivt medlem i Den europeiske kringkastingsunionen.

Fotnotar

Kategori:Land i Eurovision Song Contest 2015 Kategori:Australia i Eurovision Song Contest Kategori:2015 i Australia