Mike Edwards (), kjend som Swami Deva Pramada eller berre Pramada, var ein engelsk cellist og musikklærar. Han var ei stund medlem av Electric Light Orchestra.

Edwards kom med i Electric Light Orchestra (ELO) i 1972 og spelte med bandet på den første konserten deira i Croydon og fram til han valde å slutte i januar 1975. Han hadde tidlegare òg spelt på ei innspeling med Barclay James Harvest. Han spelte på studioalbuma ELO 2, On the Third Day og Eldorado, i tillegg til konsertalbumet The Night the Light Went on in Long Beach. Han vart erstatta av Melvyn Gale.

Han endra namnet sitt til Pramada etter han vart buddhist i Rajneesh-rørsla.

Edwards mista livet i ei ulukke då ein rundballe av høy rulla ned ei åsside og traff bilen han køyrde.Founding member of ELO killed in freak accident as giant runaway hay bale smashes into his vanMike Edwards — Killed by a Hay Bale

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Mike Edwards (musician)» frå , den 12. februar 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff BBC News: ELO hay bale death cellist Mike Edwards buried, 22 September 2010

Kategori:Elevar ved Royal Academy of Music Kategori:Britiske rockecellistar Kategori:Engelske buddhistar Kategori:Electric Light Orchestra-medlemmar Kategori:Musikarar frå London Kategori:Døde i trafikkulukker Kategori:Engelske cellistar