Kvalsund (nordsamisk Fálesnuori gielda, kvensk Valasnuoran komuuni) var ein kommune i dåverande Finnmark fylke. Kommunen vart del av Hammerfest i 2020. Kommunesenteret låg i tettstaden Kvalsund. Kommunen hadde 1 101 innbyggarar i 2008. Hovuddelen av Kvalsund kommune ligg på fastlandet, men til kommunenen høyrer og delar av øyane Kvaløya og Seiland. Kvaløya har fastlandstilknytning over Kvalsundbrua.
Historie
Folketalsutvikling Folketalsutvikling for Kvalsund kommune frå 1920: 1.12.1920Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921) 1.12.1930Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950) 3.12.1946 1.1.1951Folkemengd i Kvalsund 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå 1.1.1961 1.1.1971 1.1.1981 1.1.1991 1.1.2001 1.1.2010 1223a 1579a 1877a 1906a 1844a 1777 1714 1360 1110 1026 a Dette talet omfattar ikkje eit område som vart overført frå Måsøy kommune til Kvalsund kommune i 1963. Dette området hadde då 34 innbyggjarar.
Næringsliv Fiske, tilverking og omsetting av mellom anna torsk, er viktige næringsvegar.
Det vart vunne ut kopar i området fram til 1931. På 1970-talet vart mineralet utvunne igjen ei stund. Det vart gjeve konsesjon for ny koparutvinning på slutten av 2010-talet, med løyve til lagring av gruveavfall på botn av Repparfjorden.
Fotnotar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Tidlegare kommunar i Finnmark Kategori:Norske kommunar skipa i 1869 Kategori:Norske kommunar nedlagde i 2019