Porsanger (nordsamisk Porsáŋggu gielda, kvensk Porsangin kommuuni) er ein kommune i Finnmark fylke. Kommunen er den tredje største i Noreg. Han grensar i nordvest mot Hammerfest og Måsøy, nord mot Nordkapp, i aust mot Lebesby, i sør mot Karasjok, og i vest mot Alta. Han heitte Kistrand kommune fram til 1964, og var del av Finnmark fylke fram til 2020.
Porsanger er den einaste offisielt trespråklege og trekulturelle kommunen i Noreg, med nordsamisk, kvensk og norsk som offisielle språk.
Største tettstad og kommunesenter er Lakselv, som ligg inst i Porsangerfjorden. Mindre bygder ligg langs fjorden på båe sider, med Kistrand, Olderfjord, Børselv og Billefjord som dei viktigaste. I innlandet, langs E6 mot nabokommunen Karasjok finn ein Porsangmoen, med Garnisonen i Porsanger, og Skoganvarre. Stabbursdalen nasjonalpark ligg vest for Porsangerfjorden.
Lokalaviser i kommunen er Finnmark Dagblad og Ságat.
Plante- og dyreliv: Valdak [eller Váldatjeaggi ] på Stabbursnes er eit kjent hekkeområde.Vellykket Fuglenes dag på Stabbursnes, Porsanger. Norsk Ornitologisk Forening. Vitja 9. juli 2020
Tettstad i kommunen Lakselv -
Folketalsutvikling Folketalsutvikling for Kistrand/Porsanger kommune frå 1920: 1.12.1920Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921) 1.12.1930Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950) 3.12.1946 1.1.1951Folkemengd i Porsanger (Kistrand) 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå 1.1.1961 1.1.1971 1.1.1981 1.1.1991 1.1.2001 1.1.2010 2160 2553 2972 3298 3600 3907 4568 4514 4358 3991
Sjå også Fangeleirane til okkupasjonsmakta i Noreg under andre verdskrigen
Fotnotar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Kommunar i Finnmark Kategori:Samiske kommunar Kategori:Norske kommunar skipa i 1838