Kinsabba (arabisk كنسبا, òg skrive Kansaba) er ein by nordvest i Syria som administrativt høyrer til Latakia guvernement, nordaust for Latakia. Av stader i nærleiken finn ein Slinfah i sør, al-Haffah i sørvest, Balloran og Umm al-Tuyour i vest, Qastal Ma'af i nordvest, al-Najiyah i nordaust, Qarqur i aust og Sirmaniyah i søraust. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS), hadde Kinsabba eit folketal på 514 i 2004. Han er det administrative senteret, men den 16. største staden, i Kinsabba nahiyah («underdistrikt») som består av 35 stader med eit samla folketal på 17 615.Folketeljing 2004 . Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Latakia guvernement. Innbyggjarane er hovudsakleg kristne.Balanche, 2006, s. 44.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kinsabba» frå , den 15. juni 2014. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Byar i Syria Kategori:Busetnader i al-Haffah-distriktet