Ayn al-Shiqaq (arabisk عين شقاق, òg skrive Ain al-Shiqaq) er ein landsby nordvest i Syria i Jableh-distriktet i Latakia guvernement, sør for Latakia. Av stader i nærleiken finn ein Zama i søraust, al-Qassabin i sør, Siyano i sørvest, Jableh i vest, Qardaha i nordaust, al-Budi og Harf al-Musaytirah i aust. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå, hadde Ayn al-Shiqaq eit folketal på 4 125 i 2004. Han er det administrative senteret i Ayn al-Shiqaq nahiyah («underdistrikt»), som bestod av 15 stader med eit samla folketal på 16 031 i 2004.Folketeljing 2004. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Latakia guvernement. Innbyggjarar er hovudsakleg alawittar. Ayn al-Shiqaq er fødestaden til den kjende syriske diktaren Nadim Muhammed (1907-1994).Kedar, 2006, s. 32.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ayn Shiqaq» frå , den 15. juni 2014. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Busetnader i Jableh-distriktet Kategori:Byar i Syria