Svanøya er den sørlegaste og frodigaste øya i Kinn kommune. Her finn ein planter og tre ein vanlegvis ikkje finn på Vestlandet, til dømes kristtorn.
Historia til øya er mangfaldig og går langt attende i tida. I førre hundreåret var Svanøya det viktigaste senteret i regionen, med stor aktivitet på eksport og skipsfart. Over 100 mann arbeida i kopargruvene, haugianarane var storprodusentar av salt, her vart det bygd skip og drive storgard. Her finn ein eit steinkors reist til ære for Heilag-Olav og ein offerplass frå vikingtida. Namnet Svanøya har øya fått etter biskop Hans Svane som eigde Svanøy Hovudgard 1662–85.
Folketalsutvikling 1801Folketeljing 1801 for Kinn prestegjeld, frå Digitalarkivet 1900Folketeljing 1900 for Kinn herred, frå Digitalarkivet 2000Befolkning, etter grunnkrets, statistikkvariabel og år, frå Statistisk sentralbyrå 2023 91 88 97a 54a a Med Marøya
Kjelder
Kategori:Øyar i Kinn