mini|Knut den mektige (Cnut Rex) i eit manuskript frå ca. 995-1035. Knut, Knud og Knute er mannsnamn av nordisk opphav. Det kjem truleg av norrønt knútr, det same ordet som moderne «knute», men kan og tyda «den kjekke».
I Danmark har Knut vore eit kongenamn, og då i tydinga samlande - eit knutepunkt. Knut den mektige samla eit stort rike.
Knut har namnedag 7. januar.
Namneformer og frekvens
Knut er kjend frå 1100-talet og var spesielt populær frå 1800-talet og framover, med ein topp rundt 1950-åra. Dei siste åra har namnet hatt ein nedgang, men er framleis vanleg.
Namnet har vorte brukt av fleire kongelege, mellom anna Knut den mektige, den danske nasjonalhelgenen Knut den heilage (som vert minna 13. januar og 10. juli) og prinsen Knut Lavards (som vert minna 7. januar; trettandedagsknut).
Kjende namneberarar Knut den heilage, dansk konge Knut den mektige, konge over Danmark, Noreg og England Knut I Eriksson, konge av Sverige Knut Lavard, prins og helgen
Knut Bergslien (1827–1908), norsk kunstmålar Knut Hamsun (1859–1952), norsk forfattar Knud Rasmussen (1879–1933), dansk polarutforskar og antropolog Knute Rockne (1888–1931), norskamerikansk utøvar og trenar av amerikansk fotball Knut Hauge (1911–1999), norsk forfattar Knut Bergsland (1914–1998), norsk språkforskar Knut Nystedt (1915– ), norsk komponist Knut Dahl Jacobsen (1925–1999) norsk statsvitar Knut Sverre, (1927–2005) norsk diplomat Knut Andersen (1931–), norsk filmregissør Knut Bohwim (1931–), norsk filmregissør Knut Johannesen (1933–), norsk skeiseløpar Knut Erik Jensen (1940–), norsk filmregissør Knut Faldbakken, (1941–), norsk forfattar Knut Ødegård, (1945–) norsk forfattar Knut Buen (1948–), norsk hardingfelespelar Knut Borge (1949–), norsk tv-mann Knut Knudsen (1950–), norsk syklist Knut Nærum (1961–), norsk komikar Knut Reiersrud (1961–), norsk komponist Knut Storberget (1964–), norsk politikar, justisminister Knut Ivar Bøe (1967–), norsk trekkspelar Knut Holmann (1968–), norsk padlar Knut Anders Sørum (1976–), norsk Eurovision-deltakar
Oppdikta personar Ingeniør Knut Berg, nynorsk teikneseriefigur
Kjæledyr mini|280px|Isbjørnen «Knut» som unge i Berliner zoo Isbjørnen Knut - i Berliner zoo
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Canute» frå , og «Knut (namn)» frå den 11. desember 2005.
Statistisk Sentralbyrå (namnebruk i Noreg)
Bakgrunnsstoff
kategori:mannsnamn kategori:norrøne førenamn kategori:nordiske førenamn