Villeneuve-d'Ascq er ein universitetsby og kommune nord i Frankrike. Byen ligg i departementet Nord i regionen Hauts-de-France, og har like over 60 000 innbyggjarar.
Byen ligg mellom Lille og Roubaix og dei store motorvegane mellom Paris, Gent, Antwerpen og Brussel kryssar nær byen. Villeneuve-d'Ascq, som tyder Ny by av Ascq på fransk og som kjem frå det flamske ordet for «oske», høyrer til Lille sitt storbyområde med over 1 million innbyggjarar.
Historie Røtene til byen går tilbake til den Gallia og to føydale stader, ein gallo-romersk og ein karolingisk.
Byen vart i 1960-åra vald til å hjelpe utviklinga til den nye byen Lille-Est og storbyområdet rundt. Kommunen Villeneuve d'Ascq vart oppretta i 1970 av tre kommunar som vart slått saman. Ein av desse tre kommunane var Ascq, der nazistane massakrerte 86 menn 1. april 1944.
Det vart gjort to forsøk, i 1972 og i 1976, på å slå byen i lag med Lille utan hell.
Bakgrunnsstoff Museum for moderne kunst Offisiell turistside
Kategori:Nord Kategori:Byar i Frankrike Kategori:Byar i Hauts-de-France