Kurt Erik Nilsen () er ein norsk songar, låtskrivar og internasjonal popstjerne frå Arna i Bergen.

Han vann den norske versjonen av Idol i 2003. Singelen «She's So High» gjekk rett opp på førsteplass på VG-lista og var den mestselgjande singelen i Noreg gjennom tidene. Songen vart òg kåra til årets låt under Spellemannprisen 2003. Debutalbumet I hadde mykje sjølvskrive materiale og vart ein ny suksess. Året etter vann han ein ny Spellemannpris for årets hit med songen My Street.

Kurt Nilsen vann World Idol-tittelen 1. januar 2004. Der slo han konkurrentar frå 10 andre nasjonar og fekk høgste poengsum hjå 10 av 11 nasjonar.

Kurt Nilsen er i tillegg vokalist og rytmegitarist i bandet Fenrik Lane.

Utgjevingar

Solo

Studioalbum

2003: I (norsk utgåve) 2004: I (internasjonal utgåve) 2004: A Part of Me 2007: Push Push 2008: Rise To The Occasion 2010: Have Yourself a Merry Little Christmas (saman med Kringkastingsorkestret) 2012: Inni En God Periode 2013: Live (Festkonserten i Bergen, 16. mai 2013) 2017: Amazing

Singlar

2003: «She's So High» 2004: «Here She Comes» 2004: «Before You Leave» 2004: «My Street» 2004: «Singing The Song» 2005: «When The Stars Go Blue» (saman med Venke Knutson) 2005: «Never Easy» 2007: «Push Push» 2008: «Rise To The Occasion» 2017: «Amazing» (saman med Broiler)

Gruppe

Fenrik Lane

Studioalbum

1998: Shoe (med bandet Breed - seinare Fenrik Lane) 2002: Come Down Here

Lind, Nilsen, Fuentes, Holm

Livealbum

2006: Hallelujah Live 2009: Hallelujah Live - Volume 2

DVD

2006: Hallelujah Live

Songkonkurransar 2003: Idol 2003 (vinnar) 2004: World Idol (vinnar)

Deltaking 2003: VG-lista Topp 20 (deltakar) 2008: VG-lista Topp 20 (deltakar) 2009: VG-lista Topp 20 (deltakar)

Bakgrunnsstoff Kurt Nilsen Fansite

Nilsen, Kurt Nilsen, Kurt Nilsen, Kurt Kategori:Vinnarar av Spellemannprisen Kategori:Allsang på grensen Kategori:Norske Idol-deltakarar Kategori:Norske Idol-vinnarar Kategori:Norske Idol-dommarar Kategori:World Idol-deltakarar