Landvik kyrkje er ei lafta krosskyrkje i Grimstad kommune i Agder.

Det har vore kyrkje på Landvik sidan mellomalderen, og den førre kyrkja vart riven i 1823, like før den noverande vart oppført. Kyrkja har vore gjennom vølingar og moteskifte. Etter ei tid med nygotisk interiør vart kyrkja omfattande restaurert i 1955 og fekk att mykje av sitt opphavlege empirepreg.

I tillegg til kyrkjegarden attmed kyrkja finst ein annan kyrkjegard, Landvik øvre kyrkjegard, ein drøy kilometer lengre aust. Prestegarden Hommedal er ikkje langt frå kyrkja.

Litteratur

Bakgrunnsstoff Landvik og Eide kyrkjelyd

Fotnotar

Kategori:Kyrkjer i Grimstad Kategori:Kyrkjer i Vest-Nedenes prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1825 Kategori:Krosskyrkjer i Noreg Kategori:Kulturminne i Grimstad