Bamble kyrkje er ei krosskyrkje frå 1845 i Bamble kommune i Telemark fylke.

Bamble har hatt kyrkje (vigd til Heilag-Olav) sidan mellomalderen, og etter den store kyrkjeauksjonen i 1723 kom ho i kommunal eige i 1839. Gustav Adolph Lammers, som m.a. var sokneprest, teikna ny kyrkje, ei krosskyrkje med nokså korte tverrarmar med galleri i fleire etasjar. Kyrkja hadde takryttar i byrjinga og fekk vesttårn ved ei restaurering i 1902 etter planar av Hjalmar Welhaven. Kyrkja vart òg omfattande restaurert i 1985–86.

Fondveggen har eit glasmåleri av Per Vigeland frå 1951 (motiv: oppstoda), og på kvar side er ei slags altartavle (med kombinasjon av bilete og figurar) av Lammers.

Kyrkjegarden går sørover frå kyrkja og forbi ruinen av Olavskyrkja.

Teikningane til Bamble kyrkje er brukt som grunnlag ved oppføringa av fleire andre kyrkjer, t.d. Olberg kyrkje og Holmen kyrkje i Sigdal.

Bilete frå kyrkja

Litteratur

Bakgrunnsstoff Bamble kyrkjelege fellesråd Artemisia.no

Kategori:Kyrkjer i Bamble Kategori:Kyrkjer i Bamble prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1840-åra Kategori:Krosskyrkjer i Noreg Kategori:Kulturminne i Bamble Kategori:1845 i Noreg