Haderslev kommune er ein dansk kommune heilt sør på Jylland i Region Syddanmark. Kommunen vart danna ved kommunereforma i 2007 ved ei samanslåing av Gram kommune, Haderslev kommune, Vojens kommune og delar av Nørre-Rangstrup kommune og Christiansfeld kommune.Haderslev Kommune frå Den Store Danske (Vitja 12. januar 2014)

Kommunen har 55 438 innbyggjarar (2024). Administrasjonssenteret ligg i Haderslev.

Borgar­meistrar Mads Skau (V) 2022– Hans Peter Geil (V) 2014–2021 Jens Christian Gjesing (S) 2010–2013 Hans Peter Geil (V) 2007–2009

Referansar

Kategori:Kommunar i Region Syddanmark