Fritz Fischer, eigenleg Friedrich Fischer, () er ein tysk tidlegare skiskyttar frå Kelheim i Bayern. Over eit tidsrom på 13 sesongar, 1981-93, vann han internasjonalt ein individuell bronsemedalje, sju stafettmedaljar og to medaljar i lagøvinga. Fischer vann VM-gull i stafett 1991, OL-gull i same i 1992, samt VM-gull i lagøving i 1993. I 1988 gjekk han helt til topps i verdscupen i skiskyting.

Aktiv Vesttyskaren Fischer hevda seg mellom verdas beste skiskyttar frå 1981-sesongen. Saman med mellom andre Peter Angerer syrgde han då for vesttysk sølvmedalje på VM-stafetten. Gjennom 1980-talet gjekk Angerer tredjeetappen og Fischer fjerdetappen på alle stafettevlingane fram til og med 1988-sesongen, då Angerer la opp som skiskyttar. Dei to fekk då med seg OL-bronse i 1984, VM-bronse 1985 og 1987, samt OL-sølv 1988, med mange ulike lagkameratar.

Ein femteplass på 20 km under VM 1981 var Fischer sitt beste enkeltresultat før 1989. Under VM 1989 i Feistritz sikra han seg den einaste individuelle VM-medaljen i karrieren, men vart klart slått av vossingane Eirik Kvalfoss og Gisle Fenne, som ordna norsk dobbeltriumf. I same meisterskapen vart ei ny tevling, ei lagøving, teken med på VM-programmet. Her tok Vest-Tyskland, med Fritz Fischer på laget, sølvmedaljen.

Samlinga av Tyskland i 1990 slo svært heldig ut for Fischer. Sidan fekk han gå på lag saman med austtyskarar som Ricco Gross, Frank Luck, Mark Kirchner, noko som bidrog til at han vann sine fyrste gullmedaljar i sesongane 1991-93. Han vart i 1991 verdsmeister og 1992 olympisk meister i stafett, og runda det heile av med av verte verdsmeister på lagøvinga i 1993, alle dei tre andre på laget kom frå det avvikla DDR.

Fischer la opp som skiskyttar i 1993. Gjennom sine år som aktiv vann han ti renn i verdscupen i skiskyting, særleg dyktig var han i 1988-sesongen, då han vann heile turneringa.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap VM i skiskyting 1981 i Lahti: Sølvmedalje i stafett, nr 5 på 20 km VM i skiskyting 1982 i Minsk: Nr 4 i stafett, nr 15 både på 10 km og 20 km VM i skiskyting 1983 i Antholz: Nr 4 i stafett, nr 10 på 20 km Vinter-OL 1984 i Sarajevo: Bronsemedalje i stafett og nr 7 på 20 km VM i skiskyting 1985 i Ruhpolding: Nr 6 på 10 km og bronsemedalje i stafett VM i skiskyting 1986 i Oslo: Nr 17 på 10 km VM i skiskyting 1987 i Lake Placid: Bronsemedalje i stafett og nr 9 på 20 km Vinter-OL 1988 i Calgary: Sølvmedalje i stafett, nr 12 på 10 km VM i skiskyting 1989 i Feistritz: Bronsemedalje på 20 km, sølvmedalje i lagøving VM i skiskyting 1991 i Lahti: Gullmedalje i stafett, nr 6 på 10 km Vinter-OL 1992 i Albertville: Gullmedalje i stafett VM i skiskyting 1993 i Borovets: Gullmedalje i lagøving

Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Tyske skiskyttarar Kategori:Vesttyske skiskyttarar Kategori:Tyske trenarar Kategori:Olympiske meistrar for Tyskland Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Vest-Tyskland Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Vest-Tyskland Kategori:Vesttyske deltakarar under vinter-OL 1980 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 1980 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1984 Kategori:Vesttyske deltakarar under vinter-OL 1984 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 1984 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1988 Kategori:Vesttyske deltakarar under vinter-OL 1988 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 1988 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1992 Kategori:Tyske deltakarar under vinter-OL 1992 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 1992 Kategori:Folk frå Bayern