Snowshoebreen er ein isbre som er 15 km lang og som flyt vestover frå eit skard på sørvestsida av Nenybreen ut i Nenyfjorden, vest i Graham Land. Han vart grovt kartlagt frå bakken (1936) og fotografert frå lufta (1937) av British Graham Land Expedition (BGLE). Han vart kartlagt av Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) i 1949. Namnet vart foreslått av K.S.P. Butler frå FIDS i 1948 fordi forma på isbreen med den smale toppen og breie munningen minnar om ei truge (snowshoe på engelsk).

Kjelder

Kategori:Isbrear i Graham Land Kategori:Fallières Coast