mini|Fyrsteutgåva av Moby Dick, 1851
Herman Melville () var ein amerikansk forfattar som skreiv romanar, essay og poesi. Hovudverket til Melville, Moby Dick (1851), har ein særs viktig plass i amerikansk litteratur og er rekna som del av verdslitteraturen.«Moby Dick» i Store Norske Leksikon
Herman Melville var fødd til velstand, men faren mista både forstanden og formuen, og Herman måtte tidleg ut i arbeidslivet. Som ung var han i fleire omgangar til sjøs, først som tener på eit passasjerskip frå New York til Liverpool i 1839, men mest skjelsetjande på kvalfangstskuta «Acushnet» i Stillehavet frå 1841. Røynslene frå den første sjøreisa finst mellom anna i romanen Redburn (1849). Han gifta seg i 1847 med Elizabeth Shaw; dei fekk fire born. Familien budde frå 1850 i Pittsfield i Massachusetts, og frå 1863 i New York.
Debuten med Typee i 1846 vart den første av seks bøker på seks år der han utnyttar røynslene frå tida ombord.Sigmund Skard. «Amerikansk litteratur». I: Verdens litteraturhistorie; bind 8; Realismen. Redigert av Edvard Beyer mfl. Cappelen, 1972
I åra etter debuten las Melville mykje, og knytte kontakt med litterært skulerte forfattarar som Nathaniel Hawthorne – som han dediserte Moby Dick til; og han ønsket etter kvart å sameine den realistiske skildringa i sjøromanane med høgare litterære ambisjonar om å «skildra livsens grunnvilkår». Dette prøvde han først i Mardi (1849), som med sine abstraksjonar og allegoriar vart uvenleg mottatt i samtida. Med Moby Dick lukkast han derimot med å skape «ei fantastisk blanding av realistisk roman, naturvitskapleg reisejournal og prosalyriske visjonar»Tore Zetterholm. Levende litteratur, fra Gilgamesj til Dylan. Bokklubben, 1986. ISBN 82-525-1283-6 Verket vart likevel ikkje særleg god motteke ved utgjevinga, og fekk først sin noverande posisjon som klassikar då Melville vart oppdaga på ny i 1920-åra. Moby Dick vert til og med i nokre verk framstilt som eit «rejält fiasko»Bernt Olsson og Ingemar Algulin. Litteraturens historia i världen. Stockholm. Norstedts, 1990. ISBN 91-1-943422-7, og då heller ikkje romanen Pierre (1852) gjorde lukke hos publikum med sin «lammande ambivalens overfor mennesket sjølv», mista Melville etter kvart trua på at han kunne livnære seg og familien som forfattar.
I 1863 vart han tollinspektør i New York, og vart verande i dette yrket. I den seinare forfattarskapen kan ein nemne Bartleby (1853), ei surrealistisk kvardagshistorie frå kontormiljø, Benito Cereno (1855) om eit mytteri og den uferdige Billy Budd, som først utkom i 1924.
På norsk finst Tai-pi (1941, Typee), Billy Budd (1949), Redburn (1953) og Moby Dick. Novella «Bartleby» finst i antologien Amerika forteller. 1 (1973).
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Herman Melville» frå , den 27. desember 2013. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Tekstar av Melville på Project Gutenberg Intervju: Bjørn Alex Herrman om å oversette Moby-Dick ved litteraturklubben.no melville.org
Kategori:USA-amerikanske forfattarar Kategori:USA-amerikanske forfattarar av reiseskildringar Kategori:USA-amerikanske novellistar Kategori:Folk frå New York City