Bozhinovbreen (bulgarsk Божинов ледник, ‘Bozhinov Lednik’) er ein 5 km lang og 2,5 km brei isbre på Danco Coast i Graham Land på Den antarktiske halvøya som ligg nord for Krebsbreen og sør for Nobilebreen. Han flyt vestover og ut i Gerlachesundet ved Charlotte Bay.
Isbreen er kalla opp etter den bulgarske flypioneren Georgi Bozjinov (1879-1955) som bygde eit fly som det vart teke patent på i Frankrike i 1912.
Kjelder
Bozhinov Glacier. SCAR Composite Gazetteer of Antarctica.
Kategori:Isbrear i Graham Land Kategori:Bulgaria og Antarktis Kategori:Danco Coast