mini|Kapellkyrkja i Hernes Hernes er ei bygd i Elverum kommune i Innlandet. Bygda ligg 10 kilometer nordaust for kommunesenteret og om lag 300 meter over havet.

Hernes er ei av dei største bygdene i kommunen. Bygda strekker seg frå Løvbergsmoen i vest og til grensa mot Trysil i aust. Også Julussdalen og Nordskogbygda i nordaust vert rekna å høyre til Hernes. Hernes kyrkje, Hernes skole, eit grendehus og ein butikk ligg sentralt i bygda. Tidlegare heldt ein husmorskule til i Hernes.

Bygda er kjend for idrettslaget Hernes Idrettslag, som har fostra landskjende utøvarar som langrennarane Reidar Hjermstad og Johannes Harviken, samt skihopparen Gyda Enger.

Kjelder Norsk Allkunnebok. VI. bandet. 1955.

Kategori:Geografi i Elverum Kategori:Bygder i Innlandet