Finn Helgesen () var ein norsk skøyteløpar som vart olympisk meister på 500 meter under Vinter-OL 1948 i St. Moritz.

Aktiv Helgensen var rein sprint-løpar og hevda seg aldri på andre distansar enn 500 m. Han vann 500-meteren i noregsmeisterskapane 1947, 1949 og 1952. Under dei olympiske leikane i St. Moritz i 1948 gjekk han sitt livs snøggaste løp og vart klokka i mål på 43,1 sekundar. Han tok dermed gullmedaljen på 500 m, eitt tidels sekund framom tre løparar som fekk kvar si sølvmedalje, mellom dei landsmannen Thomas Byberg. Fire år seinare fekk Helgesen same tid, 44,0, som parkameraten Gordon Audley frå Canada under Vinterleikane 1952 i Oslo, men vart dømt etter i mål og enda på femteplass.

Helgesen var fødd i Drammen, men representerte Oslo Skøiteklub. Han døydde i Lørenskog.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Finn Helgesen» frå , den 20. desember 2013.

Kategori:Norske skeiseløparar Kategori:Olympiske meistrar for Noreg Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1948 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1948 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1948 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1952 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1952 Kategori:Folk frå Drammen