Marmorkyrkja (Frederikskyrkja) er ei kyrkje som ligg i Frederiksstaden i København. Kyrkja har ei bygningshistorie på om lag 150 år bak seg. Grunnsteinen vart lagd ned av kong Fredrik V 31. oktober 1749 og ho vart innvigd 19. august 1894.Rids af Marmorkirkens historie frå Marmorkyrkjas heimeside
Kyrkja er bygd i den stilarten som vert kalla historismen, og vart opphavleg planlagd som ein del av Amalienborgaksen med Amalienborgslotta og slottsplassen i Frederiksstaden for å feire fyrstehuset Oldenburgs 300 år på den danske trona. Frederiksstaden frå Dansk Arkitektur Center
Nicolai Eigtved hadde det overordna ansvar og leverte sjølv utkast til kyrkja, men ingen av dei blei nytta.Nicolai Eigtved på Kunstindeks Danmark / Weilbachs Kunstnerleksikon Etter at Eigtved dødde i 1754 fekk Laurids de Thurah ansvaret. Han dødde i 1759 og den franske arkitekten Nicolas-Henri Jardin tok då over.Frederiksstaden frå Jens Fleischer: København. Kulturhistoriek opslagsbog med turforslag Jardin endra dei opphavlege planane og teikna ei klassisistisk kyrkje i norsk marmor. Marmorkirken frå Dansk Arkitektur Center Bygginga tok til og pågjekk i fleire år inntil ho vert stoppa av økonomiske grunnar av Johann Friedrich Struensee i 1770. Byggverket var da 19 meter høgt og blei liggande som ein ruin.
I 1874 kjøpte forretningsmannen Carl Frederik Tietgen ruinen av Finansministeriet og forplikta seg til å fullføre kyrkja. Han engasjerte arkitekt Frederik Meldahl som ut frå det gjenverande skapte ei kyrkje inspirert av Peterskyrkja i Roma.
Referansar
Kategori:København Kategori:Kyrkjer i Danmark