Johann Passler () er ein italiensk tidlegare skiskyttar frå Antholz. Han vart verdsmeister med Italia sine stafettlag i 1990 og 1993. Individuelt vann han to bronsemedaljar; fyrst på 10 km i VM 1985 og så på 20 km under vinter-OL i Calgary i 1988.
Aktiv Passler fekk sitt internasjonale gjennombrot då han under VM i skiskyting 1985 erobra bronsemedaljen på 10 km, slått einast av av verdsmeister Frank-Peter Roetsch og av norske Eirik Kvalfoss. Tre år seinare, under dei olympiske vinterleikane i Calgary i 1988 tok han to bronsemedaljar, fyrst på 20 km og så på stafetten. Same sesongen enda han på tredjeplassen i verdscupen i skiskyting. Passler vann tre sigrar i individuelle verdscuprenn.
Italia sitt stafettlag, beståande av Wilfried Pallhuber, Pieralberto Carrara, Andreas Zingerle og Passler, overraska stort under VM 1990. Meisterskapen vart avslutta i finske Kontiolahti, der dei fire italienarane vann landets fyrste gullmedalje i stafettøvinga. Dei same fire utøvarane kopierte prestasjonen tre år seinare, då det under VM i skiskyting 1993 også vart gull på 4 x 7,5 km stafett.
Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap VM i skiskyting 1982 i Minsk: Nr 5 i stafett VM i skiskyting 1983 i Antholz: Nr 6 på 10 km Vinter-OL 1984 i Sarajevo: Nr 5 i stafett VM i skiskyting 1985 i Ruhpolding: Bronsemedalje på 10 km VM i skiskyting 1986 i Oslo: Nr 4 på 10 km Vinter-OL 1988 i Calgary: Bronsemedalje på 20 km og i stafett VM i skiskyting 1989 i Feistritz: Nr 4 på 10 km VM i skiskyting 1990 i Kontiolahti: Gullmedalje på stafetten Vinter-OL 1992 i Albertville: Nr 7 på 20 km VM i skiskyting 1993 i Borovets: Gullmedalje på stafetten, nr 11 på 10 km Vinter-OL 1994 i Lillehammer: Nr 13 på 10 km
Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar
Kategori:Italienske skiskyttarar Kategori:Verdsmeistrar i skiskyting Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Italia Kategori:Italienske deltakarar under vinter-OL 1984 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 1984 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1988 Kategori:Italienske deltakarar under vinter-OL 1988 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 1988 Kategori:Italienske deltakarar under vinter-OL 1992 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 1992 Kategori:Italienske deltakarar under vinter-OL 1994 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 1994