Aleksandr Vladimirovitsj Popov () er ein russisk tidlegare skiskyttar frå Tobolsk som konkurrerte for Sovjetunionen og Kviterussland. Mellom 1987 og 1997 vann han fire VM-gull i lagøvinga og ein olympisk gullmedalje i stafett, samt fire sølvmedaljar og to bronsemedaljar i stafett i ulike VM og OL-arrangement. Individuelt fekk han med seg ein sølvmedalje frå 20 km i VM 1991. Sidan 1999 har han vore hovudtrenar for det kviterussiske skiskyttarlandslaget.

Aktiv Popov gjekk i åra 1987-92 på fem av dei seks siste stafettlaga som Sovjetunionen stilte med i den årlege verdsmeisterskapen i skyting, eller i dei olympiske leikane. Desse meisterskapane gav han ein olympisk meisterskapstittel i 1988, og fire ulike VM-sølv. I dei individuelle tevlingane i dei same meisterskapane lukkast han lite, fyrst under verdsmeisterskapen 1991 blanda han seg inn i medaljekamp. På 20-kilometeren i Lahti fekk han VM-sølv, fem sekund føre Eirik Kvalfoss på bronseplass og eit lite halvminutt bak Mark Kirchner som representerte Tyskland.

Frå 1992 og fram til 1998 gjekk Popov inn til ei rad fjerdeplassar i OL og VM-samanheng, både i individuelle øvingar, men særleg i stafettar. Likevel fekk han med seg eit OL-sølv i stafett 1992 og to bronsemedaljar i same; 1995 og 1996.

I 1989, hans beste sesong i verdscupen i skiskyting, vart Popov nummer to samanlagt etter Eirik Kvalfoss. Også i 1987 og 1992 var han høgt plassert i totalen i verdscup-turneringa.

Frå og med 1993-sesongen tevla han for Kviterussland.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap VM i skiskyting 1987 i Lake Placid: Sølvmedalje i stafett og nr 12 på 20 km Vinter-OL 1988 i Calgary: Gullmedalje i stafett og nr 12 på 20 km VM i skiskyting 1989 i Feistritz: Sølvmedalje i stafett og nr 8 på 10 km VM i skiskyting 1991 i Lahti: Sølvmedalje både på 20 km og i stafett Vinter-OL 1992 i Albertville: Nr 4 på 20 km og sølvmedalje i stafett VM i skiskyting 1993 i Borovets: Nr 14 på 20 km og nr 4 i stafett Vinter-OL 1994 på Lillehammer: Nr 4 på 20 km og nr 4 i stafett VM i skiskyting 1995 i Antholz: Nr 6 på 10 km og bronsemedalje i stafett VM i skiskyting 1996 i Ruhpolding: Nr 7 på 20 km og bronsemedalje i stafett VM i skiskyting 1997 i Osrblie: Nr 4 i stafett og nr 18 på 10 km Vinter-OL 1998 i Nagano: Nr 4 i stafett

Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Sovjetiske skiskyttarar Kategori:Belarusiske skiskyttarar Kategori:Verdsmeistrar i skiskyting Kategori:Olympiske meistrar for Sovjetunionen Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for SUS Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1988 Kategori:Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1988 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 1988 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1992 Kategori:Deltakarar for SUS under vinter-OL 1992 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 1992 Kategori:Belarusiske deltakarar under vinter-OL 1994 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 1994 Kategori:Belarusiske deltakarar under vinter-OL 1998 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 1998 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1987 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1989 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1991 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1992 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1993 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1994 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1995 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1996 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1997 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1998 Kategori:Trenarar