Flygesand er sand som blir, eller har vore, transportert med vind. Sanden er oftast godt sortert, og dei einskilde korna er tilnærma kuleforma med matt (sandblåse) overflate. Sanden blir avleira i dyner, som ofte flyttar seg i den rådande vindretninga. Flygesand finst i ørkenar og område utan plantevekst og på sandstrender. For å hindre skadar på dyrka mark og busetnad, freistar ein å binde sanden ved å plante gras (marehalm) og tre. I Noreg finst flygesand nokre stader inne i landet (Røros og Finnmark), og på kysten ved Lista, Jæren og ytre Møre og Romsdal.
Kjelder Flygesand. (2009, 14. februar). I Store norske leksikon. Henta 19. november 2013 frå http://snl.no/flygesand.
Kategori:Sedimentologi