Kjell Søbak () er ein norsk tidlegare skiskyttar, fødd i Bodø. Han var på topp i åra 1981 til 1984, då han vann to sølvmedaljar og ein bronsemedalje med Noregs stafettlag i verdsmeisterskap og olympiske leikar. Han var medlem av Sjølisand Skytterlag.
Aktiv Søbak vart nummer to i verdscupen i skiskyting for 1981, og vart nummer tre i same turneringa året etter. Begge gongane gjekk sigeren til Frank Ullrich frå Aust-Tyskland.
Søbak var med på Noregs stafettlag som tok sølvmedaljen i VM i skiskyting 1982 i Minsk og bronsemedaljen under verdsmeiterskapen i Antholz i 1983. Under Vinter-OL 1984 i Sarajevo fekk Søbak sølv med det norske stafettlaget, saman med Eirik Kvalfoss, Rolf Storsveen og Odd Lirhus. I dei same vinterleikane kom han på fjerdeplassen på 10 km.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Kjell Søbak» frå , den 16. november 2013.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Norske skiskyttarar Kategori:Kongepokalvinnarar i skiskyting Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Noreg Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1980 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 1980 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1984 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1984 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 1984 Kategori:Folk frå Bodø