Sølvi Valborg Wang ()Larsen, Svend Erik Løken. (2011, 17. juni). Sølvi Wang: utdypning. I Norsk biografisk leksikon. Henta 15. november 2013. var ein norsk revyartist, songar og skodespelar. Ho var dotter til jazzmusikaren Yngvar Wang og kona til komponisten Egil Monn-Iversen. Dottera deira er fjernsynsprodusenten Bitte Monn-Iversen.

Karriere Sølvi Wang vart fyrst kjend gjennom ektemannen si gruppe The Monn Keys, saman med Nora Brockstedt, Per Asplin, Oddvar Sanne og Fredrik Conradi. (Seinare også Arne Bendiksen). Ho debuterte med gruppa i revyen Over alle grenser på Chat Noir i 1954. Ho vart tilsett der frå 1959 til 1963, begynte så ved Edderkoppen Teater fram til 1964. Seinare vart ho tilsett ved Det Norske Teatret.

Saman med Arve Opsahl song ho duetten «Music-Music-Music» i 1950, produsert av ektemannen Egil Monn-Iversen. Sølvi Wang bidrog på over femti innspelingar på plate opp gjennom åra. Ei av desse er Thorbjørn Egners «Klatremus og de andre dyra i Hakkebakkeskogen», der Sølvi Wang spelar Bestemor Skogmus.Aftenposten, 31.05.11: Sølvi Wang døde tirsdag. Vitja 15.11.13

Nokre av hennar mest kjende skodespelarroller er hovudpersonen i Trost i taklampa, Annie get your gun, Anita i West Side Story, Golde i Spelemann på taket, Eliza i Pygmalion og Hønse-Lovisa frå filmatiseringa av Ungen. Ho har spelt i ei rekkje filmar, både frå 1950- 60- og 70-åra.Profil på The Internet Movie Database Ho spelte Laura Isaksen i Bør Børson jr., både i musikalversjonen og i filmatiseringa.

Sølvi Wang var også kabaretartist, og hadde sitt eige underhaldningsshow som heitte Song of Sølvi. I 1961 deltok ho i Melodi Grand Prix med songen «Far cha-cha».[Bokmålswikipedia om Sølvi Wang, henta inn 15.11.13.] Sølvi Wang vart ein svært folkekjær artist gjennom mange musikalske opptredenar i NRK i 60-åra. Ho var hovudpersonen i seriane Slagerparaden (1960) og Prospektkortene (1963); That's Entertainment frå 1966 vart skreddarsydd til henne. Showet vart NRKs bidrag til tevlinga i Montreux som kåra beste og løgnaste TV-program. I tillegg vann det Chaplinprisen.

Også i 1980-åra var ho ein aktiv NRK-artist, mellom anna i programmet Musikkspill (1980). Den siste framføringa ho gjorde som offentleg artist, var å spela i Spelemann på taket i 1987.

Prisar og utmerkingar 1983: Leif Justers ærespris 1987: Leonardstatuetten Utnemnd til æresborgar av Oslo.

Kjelder

Kategori:Folk frå Bærum Kategori:Norske songarar Kategori:Melodi Grand Prix-deltakarar Kategori:Norske skodespelarar Kategori:Norske komikarar