Nicolai (Nico) Norman () var ein norsk fysikar. Han var professor ved Fysisk institutt ved Universitetet i Oslo frå 1964 til 1986.

Norman byrja å studere realfag ved UiO like før andre verdskrigen. Under krigen var han aktivt med på motstandsarbeid mot den tyske okkupasjonen. I 1947 fekk han cand.real.-graden, før han så vart stipendiat. I 1956 tok Norman dr. philos-graden, med avhandlinga «On the cylindrically symmetrical distribution method in X-ray analysis». Merk at Bibsys gjev datoen for avhandlinga til 1954, mens nekrologen gjev at han disputerte for dr. philos-graden i 1956.

I 1950 hadde Norman forskingsopphald ved MIT, og i 1954 ved Brooklyn Polytechnic Institute. Etter han hadde tatt doktorgraden jobba han ved Sentralinstituttet for industriell forsking (det seinare SINTEF), før han gjekk tilbake til UiO som professor i faststoff-fysikk i 1964.

I 1966 vart Norman innvalt i Det Norske Videnskaps-Akademi. Han var styrar ved Fysisk institutt frå 1976 til 1978.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Nicolai Norman» frå , den 11. november 2013. oppgav desse kjeldene: «Nekrolog: Nicolai Norman» Aftenposten Morgen (14. juli 2006)

Kategori:Norske fysikarar Kategori:Norske fysikkprofessorar Kategori:Professorar ved Universitetet i Oslo Kategori:Folk frå Trondheim