Theodore Harold «Ted» Maiman () var ein amerikansk fysikar, som 16. mai 1960 demonstrerte prinsippet for laser for første gongen. Maiman arbeidde då ved Hughes Research Laboratories, og fekk laserlys (694 nm) ved å sende kraftige lyspulsar inn i ein rubinstav.
Maiman tok mastergrad i fysikk ved Stanford University i 1951 og doktorgrad i 1955. Laseren blir rekna som ein av dei viktigaste oppfinningane innan fysikken etter andre verdskrigen, og Maiman har difor vore nominert til Nobelprisen i fysikk to gonger.
Kjelder Theodore Harold Maiman. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 10. november 2013.
Kategori:USA-amerikanske fysikarar Kategori:Medlemmar av United States National Academy of Sciences Kategori:Elevar ved Stanford University Kategori:Elevar ved University of Colorado Kategori:Japanprisen Kategori:Wolfprisen i fysikk Kategori:Laserforskarar Kategori:Jødiske fysikarar Kategori:USA-amerikanske jødar Kategori:Medlemmar av United States National Academy of Engineering Kategori:Døde av mastocytose