Paul Langevin () var ein fransk fysikar.
Han var i 1909 professor i eksperimentalfysikk ved Collège de France, og i 1925 vart han direktør for École municipale de physique et de chimie industrielles i Paris. I 1917 og 1918 arbeidde han med ein metode for lokalisering av ubåtar ved hjelp av ultralyd. Han er elles kjent for arbeida sine om rørsla til gassion, og om magnetisme, mellom anna grunnleggjande teori for ferromagnetisme.
Han var æresdoktor ved Universitetet i Oslo i 1946.
Kjelder
Paul Langevin. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 10. november 2013.
Kategori:Franske fysikarar Kategori:Medlemmar av Det franske vitskapsakademiet Kategori:Copleymedaljen Kategori:Medlemmar av Royal Society Kategori:Medlemmar av Det russiske vitskapsakademiet Kategori:Medlemmar av Det sovjetiske vitskapsakademiet