Per Christian Møller Hemmer () er ein norsk fysikar som er ekspert på statistisk fysikk, spesielt utrekningar av tilstandslikningar for klassiske og kvantemekaniske system, polymerfysikk og halvleiarfysikk. Han studerte fysikk ved NTH i Trondheim og fekk sin siv.ing. i 1956 med særdeles tilfredsstillande (1.0), og sin dr.techn. i 1959. Etter mellom anna forskaropphald ved Københavns Universitet og Rockefeller University, vart han i 1966 innvald i både Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab som held til i Trondheim, såvel som Norges Tekniske Vitenskapsakademi. Han var tilsett som dosent ved NTH 1966–68 og professor i teoretisk fysikk 1969–2003. Ikkje før i 1980 vart han innvald i Det Norske Videnskaps-Akademi. Han er son av Alv Kristiansen (1900–1988) som var disponent og redaktør i Christiansands Tidende, Agderposten og Vestlandske Tidende.
Utgjevingar Kvantemekanikk (Tapir forlag) 1.utg. 1980, 2.utg. 1985, 3.utg. 1993, 4.utg. 2000, 5.utg. 2005 Statistisk mekanikk (Tapir forlag) 1.utg. 1970, 2.utg. 1990 Termisk fysikk (Tapir forlag) 1.utg. 1989, 2.utg. 2002, 3.utg. 2009 Varmelære (Tapir forlag) 1.utg. 1967, 2.utg. 1974 Faste stoffers fysikk (Tapir forlag) 1987 Ikkelineær dynamikk (kompendium) 2003 Fysikk i Trondheim gjennom 1000 år (2010). Med Anders Johnsson, Kjell Mork og Ivar Svare
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Per Christian Hemmer» frå , den 8. november 2013. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Norske fysikarar Kategori:Elevar ved NTNU Kategori:Professorar ved NTH Kategori:Folk frå Arendal Kategori:Medlemmar av Det Norske Videnskaps-Akademi Kategori:Medlemmar av Norges Tekniske Vitenskapsakademi Kategori:Medlemmar av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab