Kjepso er ein matrikkelgard (gardsnummer 79) i Kvam herad. Hovudbruket er ein veglaus fjellgard med tunet og bøane på ca. 250 meter over havet, og 150 meter over fylkesvegen. Tilkomst er på ein sti i bratt lende. Kjepso ligg inst i Kvam, ved grensa til Granvin, i Voss kommune.
Det har vore to husmannsplassar under Kjepso. Det inste bruket heiter Floten (Kjepso Floten) og ligg nede ved sjøen, nedom Fylkesveg 7. Der vert det no drive med utleige og halde ymse kurs og seminar. Den andre husmannsplassen ligg i tunet.
Familien til noverande eigar overtok garden i 1855, og høyrde fram til 1881 til Kinsarvik sokn og Ullensvang herad. Då vart søknad om overføring til Øystese sokn og Vikøy kommune (Kvam) innvilga. I Kinsarvik hadde Kjepso gardsnummer 116. Kjepso ligg omtrent midt mellom kyrkjene i Kinsarvik og Øystese.
Kjepso er fyrste gong nemnd i kjeldene i 1318. Namnet var då Kexisskor. Namnet skal opprinneleg ha samanheng med norrønt ‘kefsir’/‘kjefse', som tyder træl, og ein meiner garden heiter so fordi han vart rydda av ein træl.
På oppsida av fylkesvegen mellom Kjepso og Lussand ligg eit skogområde på Uranes som er verna som naturreservat. Uranes naturreservat er oppretta for å verne eit større edellauvskogsområde med stor økologisk variasjon.
I 2008 sende NRK eit program om garden i serien Der ingen skulle tru at nokon kunne bu.
Gardsnamnet vert også brukt som familienamn. Ein kjend namneberar var spelemannen Per Kjepso (1873-1924).
Referansar
Bakgrunnsstoff
Der ingen skulle tru at nokon kunne bu-programmet om Kjepso på nettstaden til NRK
Kategori:Byggverk i Kvam Kategori:Gardar i Vestland